Når barn og unge treng hjelp

Det skal vere trygt og godt å vekse opp i Giske. Av og til oppstår likevel utfordringar som gjer at ikkje alle har det så bra. I vår kommune følgjer vi BTI-modellen for å sikre at barn og unge får den hjelpa dei treng.

Er du bekymra for eit barn eller ein ungdom? Anten uroa er sterk eller svak – gjer noko med det!

Ved mistanke om vald eller overgrep skal du ta direktekontakt med Politi 02800 eller Giske barnevernteneste 70 18 80 00 / Barnevernvakta 91 57 60 20 (etter kontortid)