På helsestasjonen arbeider helsesjukepleiar, jordmor, helsestasjonslege og kontorpersonell, og du får tilbod om:
- helseundersøking
- barnevaksinasjonar
- svangerskapskontroll
- rådgjeving om helse, utvikling hos born, kosthald, osb.
- foreldreveiledningsgruppe. Ta kontakt med helsestasjonen om du ynskjer dette.
Det blir lagt vekt på førebyggjande helsearbeid. Helsestasjonen samarbeider med barnehage, skule og helse- og sosialtenesta ved behov. Helsesjukepleiar kan òg komme på heimebesøk.
Du kan lese meir om tenesta her: Helsestasjon for born – Hovedportal (giske.kommune.no)
Målet for tenesta er å fremje helse og utvikling i oppvekståra. Den skal i samarbeid med heim, skule og hjelpeapparat arbeide for å identifisere og løyse dei helseproblem som spesielt knyter seg til skuleeleven sin situasjon. Skulehelsetenesta skal arbeide for at elevane går ut av skulen med ei så god helse som mogleg og med ei åtferd som påverkar helse, livsstil og livskvalitet i ei positiv retning.
Helsesjukepleiarane har trefftid og faste dagar på skulane. Foreldre, elevar og lærarar kan ta kontakt.
Du kan finne meir informasjon her: Skulehelsetenesta – Hovedportal (giske.kommune.no)
På Helsestasjon for ungdom møter du helsepersonell som du kan snakka med om emne som opptek deg.
Tilbodet er gratis for ungdom opp til 23 år.
HUSK: me har teieplikt!
Du kan finne meir informasjon her: Helsestasjon for ungdom – Hovedportal (giske.kommune.no)
Dette er eit lavterskeltilbod for barn og unge frå 0-18 år, og familiane deira.
Psykisk helseteam barn og unge tilbyr individuelle samtalar og familiesamtalar, og samarbeider med andre tenster ved behov. Både barn, ungdom, foreldre og samarbeidsinstansar kan ta kontakt.
Meir informasjon finn du her: Psykisk helseteam for barn og unge – Hovedportal (giske.kommune.no)
Pedagogisk- psykologisk teneste sin jobb er å hjelpe barnehagane og skulane til å gi barn og unge gode barnehage- og skuledagar. Dette gjer vi ved å snakke med barn, unge og foreldre, tilsette i barnehage og skule, og ulike samarbeidspartar. Vi observerer, utreder og veileder.
Både skule, barnehage, føresette og eleven sjølv kan søke hjelp og kontakte tenesta (krav om samtykke frå føresette).
Du kan lese meir om tenesta her: Om oss – Hovedportal (giske.kommune.no)
Er du bekymra for eit barn eller ein ungdom, skal du kontakte barneverntenesta. Du treng ikkje vere sikker på at noko er galt. Det er barnevernet sin jobb å vurdere.
- Barn og familiar kan sjølve ta kontakt og drøfte behov for hjelpetiltak.
- Privatpersonar som melder bekymring kan velge å vere anonyme. Du kan ringe, møte eller sende brev (ikkje send sensitive opplysningar på epost).
- Skular, barnehagar og andre offentlege instansar pliktar å kontakte barneverntenesta dersom dei vurderer at det er grunn til bekymring. Offentlege instansar kan ikkje vere anonyme.
NB: Ved mistanke om vald eller overgrep skal du ta direkte kontakt med politi 112 eller Barnevern 91 57 60 20. Du skal då ikkje informere foreldre/føresette om at bekymringsmelding blir sendt.
Du kan finne meir informasjon her: Barnevern – Hovedportal (giske.kommune.no)
Barnevernvakta er interkommunal og døgnopen. Hovudoppgåva er å gi hjelp til barn og familiar i akutt krise. Hjelpa blir i hovudsak gitt som råd og rettleiing via telefon, eller ein rykker ut i enkelte situasjonar.
Telefon: 91 57 60 20
Alarmtelefon for barn og unge: 116 111
Alarmtelefonen for barn og unge (116111.no)
NB: Ved mistanke om vald eller overgrep skal du ta direkte kontakt med politi 112 eller Barnevern 91 57 60 20.
Psykisk helse og rustenesta er eit gratis lavterskel tilbod til alle over 18 år som er busett i Giske kommune. Vi kan hjelpe ved utfordringar med psykisk helse, uheldig rusbruk og anna avhengighet.
Du finn kontaktinfomasjon og meir informasjon om tenesta her:
Psykisk helse og rustenesta – Hovedportal (giske.kommune.no)
Krisesenteret på Sunnmøre er eit gratis, døgnåpe tilbod for born, kvinner og menn som er eller har vore utsatt for vald i nære relasjonar.
- Kvinner som treng hjelp kan ringe telefon 70 16 33 33. Menn som treng hjelp kan ringe telefon 90 70 74 33 .
- Du kan ringe heile døgnet. Vi hjelper deg med éin gong. Du treng ikkje tilvising eller timeavtale
- Du kan bu her viss du treng det. Det gjeld òg barna dine.
Du kan finne meir informajson her: Krisesenter for Sunnmøre (krisesenter-sunnmore.no)
NAV skal ta i vare behova til vanskelegstilte grupper og bekjempe fattigdom, bl.a. ved å stimulere til arbeid og deltaking. Etaten har også ansvar for å sikre inntekt ved arbeidsløyse, svangerskap og fødsel, aleineomsorg for barn, sjukdom og skade, uføre, alderdom og dødsfall.
Du finn meir informasjon om NAV Giske her: NAV-tenester – Hovedportal (giske.kommune.no)
Familievern gir råd og rettleiing ved utfordringar i parforholdet, foreldrerolla og familielivet. Tilbodet er gratis og du kan sjølv ta kontakt med ditt næraste familevernkontor som held til i Langelandsveien 17 i Ålesund.
Du kan finne meir informasjon her: Familievernkontoret Sunnmøre
Giske kommune samarbeider med politi, andre offentlege etatar og frivillige organisasjonar for å førebygge kriminalitet og rusbruk blant barn og unge. Innsatsen og samarbeidet blir no styrka gjennom satsinga på SLT.
SLT skal bidra med å førebygge:
- Barne- og ungdomskriminalitet
- Rusmisbruk blant barn og unge
- Hatytringar og valdeleg ekstremisme blant barn, unge og vaksne.
Innsatsen mot rus og kriminalitetsførebygging er målretta mot personar, situasjonar og miljø som er særleg utsette. Vi har fokus på barn og unge i aldersgruppa 12-20 år og familiane deira.
SLT- modellen blir organisert på tre nivå:
For at barn og unge skal få riktig hjelp til riktig tid, av eit hjelpeapparat som samarbeider godt på tvers av etatar og faggrupper blir det etablert ein samarbeidsmodell – SLT (samordning av lokale rus og kriminalitetsførebyggande tiltak.
- Styrande nivå
Består av lokale toppleiarar frå kommunen og politiet.
Dei har ansvar for mål og prioriteringar for rus og kriminalitetsførebygging. - Koordinerande nivå
Koordineringsgruppa har ansvaret for den praktiske koordineringa av rus- og kriminalitetsførebyggande arbeid. Samansetninga skal gjenspegle dei viktigaste oppgåvene for SLT-nettverket. Deltakarane skal vere sentralt plassert i dei respektive verksemdene sine, med avgjerdsstyremakt og nær kjennskap til utfordringane i sektoren sin. - Utførande nivå
Alle dei som jobbar med det praktiske rus- og kriminalitetsførebyggande arbeidet. Her finn vi funksjonar som er i direkte kontakt med barn og unge.
SLT-koordinator
Handlar på vegne av kommuneleiinga, og er ein pådrivar og eit bindeledd i samarbeidet. Koordinatoren skal sørga for at dei aktuelle samarbeidspartnarane møtast regelmessig, avdekker behov, synleggjer ressursar og initierer tiltak hos dei ulike deltakarane i SLT-nettverket. SLT-koordinator skal ha oversikt over dei ulike aktørane i det kriminalitetsførebyggande arbeidet, og skal først og fremst initiere og koordinere, ikkje gjennomføre tiltaka.
SLT-koordinator i Giske kommune:
Veronica Fauskan, tlf: 992 78 535
Koordinerande team er ein instans der brukarar med behov for habilitering/rehabilitering kan vende seg.
Kva kan koordinerande team hjelpe deg med ?
- Koordinere tenestetilbodet innanfor habilitering og rehabilitering.
- Ha oversikt over kva tenester som er tilgjengeleg i Giske kommune.
og formidle kontakt med tenester som er aktuelle i din situasjon. - Tildele brukarkoordinator.
- Gjere vedtak om individuell plan.
- Vere eit knutepunkt for samarbeid mellom kommunen og dei statlege institusjonane.
Koordinerande team – Hovedportal (giske.kommune.no)
Her finn du samla oversikt over ulike tiltak i Giske kommune, sortert på universelle, selekterte og indikerte tiltak. Oversikta er under utarbeiding. Den kan vere nyttig no likevel.